Medlemsavgifta i koret har stått stille i mange år no. Når vi også dei siste par åra har auka aktivitetsnivået med fleire og meir kostnadskrevjande konsertar, ser vi at vi er nøydde til å auke kontingenten for å halde aktivitetsnivået oppe. Dette betyr at ungane får proffe musikarar og skodespelarar på nokre av dei store årlege konsertane og at vi kan arrangere seminar og turar for dei eldste. I tillegg ønskjer vi å gjere ære på ungane ved å dele ut diplom ved slutten av året. Dei som har vore med i fem år, får eit smykke. Kontingenten blir auka med 200 kroner i året, frå 1000 til 1200. Vi håpar for forståing for dette! Tidlegare kosta søsken 600, no blir prisen for søsken 800. Auken gjeld frå i år og kjem på fakturaen som blir sendt ut i oktober. |
Kjelsås skoles sangkor > Nyheter >